Ny film: Romjulsromanse

Desember er ei mørk og stormfull tid, men under vår årlege romjulstur sør i Rogaland i fjor blei me velsigna med det som i alle fall visuelt kunne minne om påskevêr (det var framleis forbanna kaldt). Fisk blei det òg! Me håpar at denne filmen kan hjelpe deg gjennom den mørkaste delen av året, og minne deg på at sola faktisk snur. Kanskje blir du inspirert til å ta deg ein oppfriskande fisketime, så gjer det godt å komme heim.
(Me ser helst at du stikk til Vimeo for å sjå i HD. Lik og del gjerne dersom dette fell i smak.)