Jakta på vulkansk monster-aure

Tilbake etter ei veke med aurefiske i West Ranga, under vulkanen Hekla på Island. For eit eventyr!

(Dei fleste fotoa: Erlend A. Lorentzen / @erlendlorentzen)

Etter å ha sikla over utallige fiskebilde frå denne elva, sa eg til meg sjølv at ”helsiken, der vil eg også”.

Og kvifor ikkje? Reykjavik viste seg å vere berre to timar frå Bergen, like nært som nærmaste brukbare elv. Med litt oppspart avspasering var det i grunnen eit enkelt val.

Eg kontakta islandsguru Sigve Urne (@sigveurne) og plutseleg sat eg på sportsbaren på Flesland med han og Markus Haldin, ein finsk flugefiskar og stongbyggar extraordinaire. (Sjekk glasfiberstengene hans på haldinflyrods.com.)

Ein kort fly- og køyretur seinare sat vi i hytta og rigga stenger. Vêret var passe bedritent på veg inn, men etter å ha sett gjennom kvarandre sine flugeboksar og skåla for turen, smilte dei norrøne vêrgudane (i den grad dei kan).

Vi stakk til elva, og det tok ikkje lange stunda før Sigve plukka ein flott aure. SVÆR i norsk standard, liten på Island. Gøy uavhengig av land.

@sigveurne i kjent stil.

I neste høl var det Markus sin tur. Den sjølvbygde glasfiberstonga hans stod plutseleg i heilspenn. Men ikkje først og fremst på grunn av stongmaterialet.

I den andre enden hang den feitaste brunauren eg har sett. 3,8 kilo, nydeleg mønstra islandsaure. Det haldt i lange banar til å sette stemninga for turen. Allereie på bonus-første-dagen hadde Markus fått seg eit minne for livet. Vi gjekk til hytta og tax-free-posen. Litt seig nestemorgon.

#glassisnotdead kan Markus skrive under på med denne auren som vitne.

Fisket vidare utover veka blei langt vanskelegare enn den aller første kvelden. Men alle veit at livet som aureboms for det aller meste er sånn. For min eigen del var også det islandske streamergamet ganske framand. West Ranga består av vulkansk grus, og rimeleg flate strekk. Ho er vanskeleg å lese, om du ikkje veit betre. Likevel fekk alle flotte fiskar, og teamet hadde det kjekt heile tida.

Sjølv var eg storfornøgd ganske tidleg med ein brunaure som tok på eit strekk eg absolutt ikkje hadde trua på, med den verste vinden heile veka rett i fleisen. Eg strippa så fort eg kunne for at fluga ikkje skulle svinge inn i nokre greiner langs elvebredden. Då eg kjende motstand var eg sikker på at det var for seint. Det blei ny pers i staden, med nok ein stuttjukk islender. Dei andre var utanfor fotorekkevidde, så det blei med håv-bilde.  Nummer to under:

Det klare klimakset kom heilt på tampen av turen: Sigve skreik som ein galning for å tilkalle Markus frå langt nedstrøms. Finnen (som hevda han hadde vore nær å omkomme av hjartestans fleire gonger allereie) la på sprang for å hjelpe. Snart ringde telefonen min, og eg forstod på skrekken i stemmen at også eg måtte ta håven og springe. Markus tok imot håven min i ein slags stafett.

Bak stod Sigve stod med snøret bom stille i straumen. Mange vise menn kunne sagt at han hadde botn og ikkje fisk. Vi skulle bli 8 kilo visare, utslitte og euforiske:

@sigveurne har nokre sværingar på rullebladet. Denne draumefisken var nok til å sette ein støkk i han. (Foto: Erlend A. Lorentzen)

Les meir om den fisken frå storfiskaren sjølv hos Fiskeavisen.

Det blir definitivt ikkje siste gongen med aurebomsing under Hekla.