Det skjer ting i Fjordane

Fil_000
Finst det sølv under regnbogen?

I det siste har eg utforska Førdefjorden i Sogn og Fjordane med gode resultat. Her er flotte tareskogar, og fint å vere sjøaure. Fem turar har alle gitt fisk. Det gjeld å vakte seg for torsken, som kjem gapande mot fluga, og slukar den heil. Men torsken fortel om vår, for han gulpar på børstemark. Her er fisken min frå i går, som fall for ei Påls høne:

Film: Den store helgeturen, 2015

Svartstaren syng om morgonen, og det luktar vår. Snart er sjøauresesongen på topp! Her er ein snutt frå vår årlege tur til Lysefjorden etter sjøaure. I 2015 var våren treig, og fisket var ikkje heilt som året før. Likevel greidde vi lure eitt og anna sjøaureeksemplar. I alle fall fekk vi gått ein del i sakte film. Benk deg ned etter ei veke med jobb. Finn fram ei øl og snøresmøring. Kanskje verd å freiste yndlingsbukta i morgon?

Ny film: Sjøaurefiske i romjulsstorm

Det er allereie blitt lysare, og mange kjenner seg smått våryre når dei no blåser støv av sjøaurestonga. Her er eit kjapt blikk to månadar tilbake: Det spøkte godt for romjulsturen vår på tampen av 2015. Nerdane på fjernsynet spådde orkan i kasta. Det såg likevel ikkje så gale ut om morgonen. Slik gjekk det då me prøvde å trasse stormen.

(Her er filmen frå same tur i 2014, til samanlikning.)

Flugebinding: Tobis

Med ønske om eit godt nytt år, gir me dykk her ein flugebindingsvideo. Ein tobis kan kome godt med utpå nyåret! Fyr i peisen og knekk deg ei repareringspils. Slå på undertekst for instruksjonar, og hugs HD.