Ny blogger på ørretkjøret

Han er en tvers gjennom hyggelig fyr, sunnfjording og han fisker skjorta av oss rogalendinger. Idar Stadheim er Ørretbloggens nyeste skribent!

Vår lille stall av ørretfiskende skribenter er konstant i tidsklemme-kjøret, og derfor kunne vi ikke dy oss når vi møtte Idar på årets guttetur til Lysefjorden. Vi måtte spørre rett ut om han kunne tenke seg å bidra til at denne bloggen fortsatt kan holde koken. Som den sporty og likandes karen han er takket han ja på stående fot. Dermed har vi fått vår første korrespondent fra det mystiske og myteomspunnede Sogn og Fjordane. Hurra!

Idar nailer Lysefjordens sølv tidligere i år.

Vi ba Idar om å skrive litt om seg selv. Et par timer etter tikket denne hilsenen inn:

Hej bloggen! Eg er ein sjølvopplært og einsam aurefiskar i laksedominerte Sunnfjord. Trass i ein tidleg fascinasjon for naturen, marint liv og fisk, kom mi flugefiskeinteresse seint, men kontant. No er det i blodet og elva er min «Nygårdspark» og sjøen er mi «Plata»: Pappa treng sin fix!

Medan den typiske sunnfjording som denger fjær som nemnt er å finne i ein av våre altfor mange lakseelver, er eg ein av få som føretrekker å jakte sølv så snart isen nær land byrjar å knake. Sommarstid finn du meg elvelangs på jakt etter brunauren. Ofte fånyttes, og høgst sannsynleg med både fortom og fluge sittande fast i toppen av det einaste treet i mils omkrets…

Alle har dei jo, dei dagane då ingenting stemmer, og skal ein vere ærleg så er jo flugefiske ikkje det som akkurat sikrar fangst. ”Eit fiskesett til deg og sonen din som gir fiskeglede utan innsats, seier du? Bli med meg til fluge-avdelinga” sa ingen selgar ever.

Så kvifor gidder ein? Vel, for meg er svaret enkelt. Det handlar om å lure naturen når den er på sitt aller, aller beste. Frå djupet kjem skapningen som lett kunne sørga for at du aldri såg han, spisstrent for jakt i det smale vindauget av tid der han veit det er verdt å syne seg fram. I vasskorpa ligg byttet hans blant mange, og haldrukna kjem noko anna som eigentleg ikkje liknar. Men! Når prikkeskallen bryt vassflata, og du sakte hevar armen og kan høyre snelleknarren synge… Då er du Gud!

Velkommen om bord, Idar! Vi gleder oss til å lese om dine (opp- og ned)turer og erfaringer i jakten etter lykke med prikker på.
PS! Det ryktes at hans første blogginnlegg omhandler en utenfor-seg-selv-opplevelse og en vakker fisk det tok ham ikke mindre enn tre år å lure. Det gledes!