Mitt beste utstyrstips

4CastEr det ein del av utstyrsparken min eg absolutt ikkje ville vore forutan, er det Guideline sitt hinsides gode snøre 4Cast. For det meste nyttar eg flyteutgåva etter brunaure, og det som heiter flyt/synk3 etter smålaks. Sistnemde kastar praktisk talt seg sjølve, og ein får maksimalt med fluge-i-vatnet-tid, som jo er det det handlar om. Flyt/synk inneber at hovuddelen av snøret flyt, men at framdelen har søkkegrad 3. I ei elv vil straumen dra med seg flytedelen so du får den klassiske svingen på snøret, medan søkkedelen vil plassere fluga framføre fiskesnuten. Eg ville aldri lenger fiska laks med reint flytesnøre, og tenker faktisk å prøve med flyt/synk5 neste år. Kan ein i det heile tatt få nok senking? (Det blir vel siste steg før ein byrjar med klump.)

Eg har enno til gode å parkera sjøauretravaren Guideline Coastal, men trur at flyt/synk3 er ein særs god kandidat til å ta over. Det kastar betre og meir effektivt, òg i vind. Det einaste eg synst kan vere ei plage, er at søkketuppen er farga svart, i alle fall på min 2014-utgåve. I halvmørke er det vanskeleg å sjå når snøret sluttar.

Flytesnøret er verkeleg den perfekte allroundar. Korte kast, lange kast, fin presentasjon, lett bris, dårlege bakslengsforhold. Eg treng berre eitt snøre, og ville ikkje hatt meir spesialiserte snøre om du kasta dei etter meg.

No er eit bra tidspunkt å tipse om dette, for utpå nyåret er snøre ofte på tilbod. Nei, eg er ikkje betalt av Guideline (berre det var so vel). For ordens skyld: Mine erfaringar er med 4Cast flyt i #4 og flyt/synk3 i #5.

Én kommentar til “Mitt beste utstyrstips”

  1. Jeg har brukt 4cast flyt/synk1 siden i fjor vår. Det er et svært lettkastet og tilgivende snøre som fungerer utmerket både i elv og på grunne områder i sjøen. Ser ikke bort ifra at mitt neste snøre også blir 4cast i en eller annen variant.

Det er stengt for kommentarer.