Langt mellom sjøauren, men større var han

Sjølv med ekstramannskap frå Sogn og fjordane var sjøauren vanskeleg å lirke opp frå Lysefjorden i år. Men den som venta på noko godt, venta ikkje forgjeves!

Viss nokon lurte på kor vi var. (Alle foto: Erlend A. Lorentzen)

Kvar vår samlar gjengen bak Ørretbloggen seg ved Lysefjorden for å fiske sjøaure. (Sjå filmar frå tidlegare år på filmsida vår.) To ting var ikkje som dei pleier: Bedriftshytta ”vår” var ikkje ledig, så vi måtte ta inn på Airbnb og Idar, den einaste sjøaurefiskaren i laksedominerte Sunnfjord, heiv seg med til Rogaland.

Airbnb-en var ikkje dum. Det stod ikkje på Internett, men han hadde faktisk sjøaure to meter utanfor døra, under ei brygge. Denne ruggen fekk fart på stongrigginga. Eg fekk sving på sakene og var først til å kaste.

Smatta berre på halen

Auren såg ut til å vere godt over kiloen. Gong på gong var han etter, men nøydde seg med å smatte litt på stjerten til Vepsen. Etter mykje frustrasjon og kløing i hovudet, valde både eg og auren å skilje veg.

Etter nokre timar med nabolagsfiske, var det blitt mørkt. Vi bestemte oss for å gå heim til bryggeauren og freiste med ei lita UV-reke. Og denne gongen nøydde han seg ikkje med smatting! Det resulterte i denne blair-witch-filmen:

Dermed var forventningane sett!

I løpet av neste dag, fredagen, kom også dei siste i gjengen dinglande etter jobb. Fisken dingla mindre. Mange kast på mange forskjellige lureplassar rundt den eine og andre fjorden gav berre eit par pinnar fordelt gjennom dagen.

Igjen var det avslappa fisking heimenært som gav forløysing: Eit uventa hogg og lange utras. Etter mykje baksing fekk Richard sikra denne ekte Lysefjord-auren i eit godt lag-øyeblikk!

Skotsk malt sette éin mann på land

Laurdagen blei beinhard. Den lurne fiskaren Richard brukte no mykje tid på å ligge i graset etter ein solid seiersdose Single malt kvelden før. Men det var nesten ikkje livsteikn frå auren heller, endå med fem resterande mann i sving.

Eit par fine mista vi. Idar, som hadde kome langveges frå, begynte å kjenne på angsten. ”Kva om eg har reist frå Sogn og fjordane til Rogaland for å blanke?” Han byta strategi og sette på den fluga han hadde minst trua på: Ein fluo-oransje Klympen. Han lista seg uti bak urørte tangklasar under episke Helleren, og la ned eit forsiktig kast. Motstand i stanga fekk skuldrene snart på plass.

Kunne dra heim med heva hovud

Så langt var det færre fisk enn vi har fått tidlegare år, men snittstorleiken var til gjengjeld større.

Idar la seg tilfreds. Han hadde blitt kjent med eit nytt område og kunne reise heim til Sogn og fjordane utan skam. Kanskje var det den gode natta med søvn og påfølgande sjelefred som let han plukke med denne vakre auren rett før heimreise:

Fleire bilde: