Laksefiskande aurefiskar fekk heilt feil fisk

I år har eg slitt med ei identitetskrise. Då midten av juni kom, hadde eg kraftig elvefiskeabstinens. Eg heiv meg over eit dagskort i Bjerkreimselva. Vassføringa var dårleg, og det var lite synleg laks i elva. Når eg etter kvart hadde vore fleire turar utan resultat, kjende eg meg fanga. For å rettferdiggjere den høge døgnprisen MÅTTE eg få ein laks. Det førte til ytterligare to blanketurar, og 800 kroner mindre.

IMG_20160622_214023

Regnet forsvann

Med jobb og lite tid, var det plutseleg juli. Eg bestemde meg for å ta ein tur til den rimelegare Sokndalselva for å krysse ut årets laks. Etter nokre dagar med regn tenkte eg at vassføringa måtte vere riktig så bra. Men før turen lot seg gjennomføre, hadde eg eit par dagar med familiære forpliktingar. Då eg kom til Sokndal var vassføringa tilbake til det vanlege: Ikkje noko å skrive heim om. Heller ikkje der betalte fiskekortet seg.

”Aurebekken” min på Jæren opna med flaum. Då går laksen opp. Eg tenkte meg opprinneleg på ein auretur som skulle gi meg ro i sjela, men eg hadde laksestonga i bilen. Det skulle ikkje mange plaska til før eg fekk sølvfeber og rigga ho i hu og hast. Laksen beit ikkje og dagen var snart over.

Synet av laks sette blodet i kok

Nokre dagar seinare besøkte eg bekken igjen på lågare vassføring. Då plar det vere mogleg å lure fin aure, og det hadde eg planar om. For no måtte eg finne roa. Elva viste seg å vere steindaud. Berre å få sjå ein flott fisk i overflata, er nok til å halde meg gåande i timevis, men utan det minste teikn, er det lett å miste gnisten. På vegen heim stoppa eg innom ein nedre sone med meir vatn. Berre for å kikke ned frå brua. Der stod det sju store laksar som såg ut som dei åt nymfer som kom drivande. Blodet kokte. No hadde eg sjansen! Skjelvande kjøpte eg fiskekort på telefonen og rigga stonga, først med trufaste Frances, so med ei lita nymfe. Laksen dreit i, og forsvann. Dei stadige sidespranga til laksen tok energi. Eg fekk aldri roa. Skulle eg vere aurefiskar som brukte tida på å ikkje få laks?

Lot grovutstyret ligge

På søndag la eg frå meg alt grovt utstyr heime. Eg pakka glasfiberstonga, mi gule Redington Butter Stick på 7,6 fot og fylte termosen. No skulle eg oppnå zen.

Bekken hadde fin aurevassføring. Vêret var stille, insekta mange, men igjen gjekk timane utan fisk. Elva eg i fjor trudde eg hadde knekt koden for, viste seg å vere ei ekte kjerring. Ein aurefant på eit par hekto var etter kvart alt eg hadde å vise til.

(Saka fortset under bildet)IMG_20160717_125640

Nymfa drog opp to åndssvake auge

I eit djupt stilleparti som før har gitt meg fin sjøaure, bestemde eg meg for å gå djupare. Eg bytta til ei tyngre kulehovudnymfe i storleik 12 som eg lot slepe langs botnen. Under eit perfekt kast og eit perfekt flyt tenkte eg at om det ikkje skjer no, då skjer det aldri. Mens eg tenkte tanken spente stonga seg opp. AAH, FORLØYSING! Smørstonga fekk full bøy, fisken måtte ha storleik. Men litt for snart gav han opp, og eg kunne røske han til overflata. Det var då skuldrane knytta seg. To store auge kikte åndssvakt på meg. Det var auga til ei flyndre.

(Saka fortset under bildet)IMG_20160717_141809

I elvestrekket kilometervis frå havet og med ein innsjø på vegen, fekk eg altså ei dum nymfespisande dassflyndre. Skrubb kan gå opp i elver, men så langt hadde eg aldri trudd.

Det var historia om korleis aurefiskaren som brukar si vesle fisketid på mislykka laksefiske, greidde å gjere identitetskrisa komplett. Det skal mykje til for å redde sesongen.IMG_20160717_141733 (1)

 

2 tanker om “Laksefiskande aurefiskar fekk heilt feil fisk

  1. Du har hatt en beinhard sesong med mye uflaks. Håper høsten blir bedre for deg 🙂

Det er stengt for kommentarer.