eBay – billig plukk

Fiskeutstyr er dyrt, særleg forbruksmaterial som fortaum, snøreløkker og liknande. Dette er greier eg plar kjøpe på eBay, gjerne den britiske sida. Britisk fordi seljarane som regel sender til Noreg, og det på ganske kort tid. For tida har prisane stige ganske kraftig som følge av den svake krona. Eitt pund kostar no sinnsjuke 13,09 kr, men likevel er det enkelte produkt som kan svara seg.

Korleis handle på eBay
For å betale nyttar ein Paypal. Det er kjapt og enkelt å opprette ein konto der, som er kopla opp mot eit bankkort.

Eg startar som regel på ebay.co.uk (søkeresultata er ikkje berre frå Storbritannia, men desse vert føretrekte) og søker etter det eg treng, med ganske spesifikke produktnamn fordi søkemotoren ikkje er særleg god. So sorterer eg etter «Price: lowest first». Nokre få ting finst det auksjonar på, og desse plar eg utelukke med å huke av for at berre produkt med moglegheita «Buy it now» skal visast. Om eg skal ha fleire produkt frå same seljar, nyttar eg «Add to basket» framfor «Buy it now». I utsjekkinga kan ein trykke på ein ganske ukjend knapp som heiter «Request total from seller». Då vert frakta lagt saman for alle gjenstandane, om seljaren tilbyr det. Men merk at ein no har forplikta seg til å kjøpe, sjølv om seljaren ikkje gir deg ein betre pris på alt enn den du fekk oppgitt.

Kva produkt løner det seg å handle på eBay?

Fortaum
For aure og sjøaure held eg meg til 9 fots fortaumar frå Fulling Mill (søkefrase: Fulling Mill knot less leader). Dette er høgkvalitetsfortaumar eg betalar 2.45 pund for før frakt. Eg plar kjøpe 5-10 i slengen for å spare på frakta.

eBay

Lineløkker
Desse er så godt som gratis om ein kjøper frå seljarar i Kina, men ein må nok rekne 3 veker i posten (søkefrase: braided loops).

Backing
Backing er billig, og ein har mykje å velje i. Eg har ofte kjøpt Leeda Profil, men ein kan òg finne mykje frå anerkjende merke, om ein bryr seg. (Søkefrase: fly line backing)

Snøre
Ein kan gjere kupp på snøre frå amerikanske produsentar som Scientific Anglers.

Småting
Lineklipparar, flytemiddel, magnetar, flugeboksar og liknande «plukk» kan vere billig. Prøv å kjøpe frå same seljar og få mest utav frakta.

Import til Noreg (toll og moms og sånn)
Hugs på at om den totale kjøpesummen (inkludert frakt) er over 350, må ein sannsynlegvis betale moms, og det blir sjeldan verdt det. Eg har kjøpt sneller frå Lamson og kanskje spart nokre kroner, men då var krona sterkare. Elles får ein tak i ting som ein kanskje ikkje finn i Noreg. Til dømes kjøpte eg glasfiberstanga til Redington, Butter stick, frå USA. Seljaren tilbaud noko som heiter «Customs services and international tracking provided». Då betalar seljaren moms og eventuelle andre importavgifter i Noreg, og prisen ein ser i utsjekkingen er den ein betalar. Dyre fiskestenger kan svare seg kjøpt på dette viset.

eBay

eBay