Test av Arctic Silver Micro-Diameter intermediate #7

Ikkje unboxing, men boxing. (Tvinnarane er uoriginale.)
Ikkje unboxing, men boxing. (Tvinnarane er uoriginale.)

Spoiler: Ikkje det heilt store
Info: Eg er ein middels kastar. Snøret blei para med ein Sage One 9 fot #7.

Dei nye Micro-Diameter snøra til Arctic Silver har hausta mange lovord. Mitt Guideline Coastal er frå 2011, noko eg brukte som påskot til å bla opp 111 amerikanske dollar, eller 905 kroner i skrivande stund, for eit mikrodiametersnøre i #7 intermediate.

Det som er hovudsalspunktet for ASI-snøra, er at dei skal ha ein «ekstremt låg diameter», som gir mindre luftmotstand, mindre støy på vatnet, meir plass på snella. På bloggen sin, skryt Arctic Silver av taperinga på snøra. Denne gir dei ingen opplysningar om, og på Fluefiskesiden sitt forum skriv ein brukar som tilsynelatande representerer ASI at dei heller ikkje ønsker å gå ut med detaljar om taperinga. Dette er særs merkeleg. Det blir vel som om klesbutikken ikkje vil la deg sjå kleda du skal kjøpe? Vel vel, lovorda fekk meg likevel til å kjøpe eit sånt snøre. Dessutan er det bra å støtte norske nyvinningar, tenkte eg.

IMG_3213

Før bruk
Snøret kom raskt i posten med ein melding frå ASI-sjefen sjølv, om at han anbefalte ein fortaum med tjukk butt. Hyggeleg nok. Då eg opna øskja var det noko som mangla. Spole. Snøret låg i ein kveil! Dette er ei dødsfelle for den urutinerte, som då risikerer å spole på snøret rett frå kveilen, sånn at det får tvinn. Eg har heldigvis mange tomme spolar liggande, og fekk satt det på ein, for korrekt påspoling. Skytelina var veldig tynn, men sjølve klumpen viste seg å faktisk vere tjukkare enn gode gamle Coastal. Skulle ikkje snøret vere mikrotynt? Ja ja, god plass på snella vitna vel om ein tynnare total.

I bruk
Så til sjøsettinga. Etter dei første kasta slo det meg at eg hadde å gjere med eit snøre som var lite tilgivande. Med Coastal på ein Sage One er eg vand med å denge på ganske tankelaust, men no måtte det betre timing til. Det kan vere bra for treninga, men også plagsamt om det går ut over fiskinga. Eg gav det ein sjanse, og taperinga vaks litt på meg. Ein del kast blei øydelagde, men når ein verkeleg treff, går snøret langt. Nokre gonger opplevde eg at snøret kollapsa litt som ein strikk. Kanskje var det noko i skytinga mi som ikkje satt heilt, og då kom heile snøret susande i ein rar krusedull. Det var merkelege greier. Elles merka eg at eg trong eitt luftkast meir før skyting enn med Coastal. Det kravde litt meir overheng, og då blir det meir hekting i buskas.

Boksen doblar som flugeboks. Gje meg heller ein spole.
Boksen doblar som flugeboks. Gje meg heller ein spole.

I sjøen
I vatnet gjekk snøret fint. Synkegraden kan samanliknast med Guideline Coastal Fast Intermediate. Litt same opplegg med at det er sjølve klumpen som søkk først, deretter spiss og skyteline.

Så langt eit heilt ok snøre som ville krevje litt tilvenning.

MEN SÅ KOM DEALBREAKEREN: Den syltynne skytelina fekk knutar under det som virka som annankvart kast. Dei er dessutan i tillegg vanskelegare å løyse enn på eit tjukkare snøre. (Til info brukte eg linekorg.)

Det gidd eg rett og slett ikkje bruke fiskedagen min på.

Min dom er: Ingen innovasjon å skrive heim om, steike dyrt, særs plagsamt. Eg spola tilbake eit velsmurt Guideline Coastal frå 2011.