Sei hei til «Nemesis»

Nokon aurar er det nesten ikkje meininga at ein skal kunne fange. Men kva om ein då klarer det likevel? Eg fann ut korleis det kjennest.

Taylor Swift har Kim Kardashian. Kim Jong-Un har Donald Trump. Prins Harry har pressa. For om lag tre år sidan møtte eg min hovedfiende.

For å starte med litt bakgrunnsinfo: Eg får lite stor fisk i ferskvatn. Mi favorittelv Jølstra er stor og kraftig, har få reine tørrflugestrekker, og mest djupe stryk og sterk straum. Låg vasstand er ofte noko ein berre kan drømme om, og skjer berre på seinsommaren. Storfisken står derfor djupt, og vakar sjeldan steady. Ivertfall når eg er tilstades…

Silhuetten under trøste-strekket

Eg har difor ein del av elva som eg kallar trøste-strekket. Her kan ein alltid lure ein ørret på tørt som reddar dagen. Minuset er at dei er små. Ein vårdag for tre år sidan oppdaga eg derimot at trøstestrekket hadde meir å by på. Det hadde «Nemesis».

Silhuetten eg fann bak ein stor stein, stødig i strømmen, var mitt første møte med synlig stor brunaure i Jølstra – og dette var ein silhuett eg skulle bli svært godt kjent med. Eg augemålte han til pluss/minus ein kilo, men eg har blitt lurt der før – den kunne fort vere større. Den måtte fangast!

Nemesis vart raskt ikkje anna enn ein silhuett og ein fjern draum. Her er ei skisse som syner omtrent korleis eg såg føre meg korleis han såg ut.

Eg fann raskt ut kvifor denne auren var større enn sine artsfrendar, og hadde gutsen til å vere synleg. Han var klin umuleg å komme til, var omkransa av tre og busker, og hadde ikkje vadeleg straum både på opp- og nedsida av seg. Eg bestemte meg for å klatre opp på steinen i håp om eit betre overblikk. Joda, der stod han, men korleis skulle ein kaste? Løysinga vart det eg vil beskrive som eit laust himmellada nedover-handtwist-kast med utovermend for å komme rundt steinen. Dette har eg lykkast med EIN gong på tre år… men fisken stakk så snart snøret trefte vatnet.

Med ein gong eg har snike meg i noko som lignar ein kasteposisjon, så har Nemesis sett meg og forsvunne. Og dei ytterst få andre gongene eg har fått lada stanga, har den blitt skremt av veivinga. Eg har vore så desperat at eg har vurdert å ha med meg ein lang planke for å komme meg ut på baksida av steinen der han bur. Eg gjorde det aldri, og Nemesis fekk stå uforstyrra i straumen.

Vendepunktet

Men første helga i juni i år skulle universet spele på lag. Den eviglange varmeperioden i mai har gjort at vasstanden i Sunnfjordselvene var legre enn eg kan hugse, og eg og Erlend hadde planlagt å fiske storaure i Gaula (ikkje lakse-delen). Her fann vi berre knott og småfisk (bortsett frå ein fin aure som Erlend lurte), og vi bestemte oss for å jakte i Jølstra i staden.

Erlend med ein fin Gaula-aure teken på smygfiske. Smilet er på plass trass i at vi eigentlig her hatar livet. Årsaka: ca ein million knott…

Vi måtte sjølvsagt på leit etter den gamle knarken bak steinen, og sikkert som banken: der stod han. Eit særs ugrasiøst ninjakryp fekk meg utruleg nær nok til eit pil og boge-kast frå nedsida, men Nemesis stakk og vi såg han ikkje att før dagen etter.

Denne gongen sende Erlend meg på jungelsafari ned ein skråning, og ettersom elva var legre enn nokon gong, kunne ein vade litt, og få klatra opp på steinen. No hadde ein mest truleg éin einaste sjanse til å treffe auren eg ikkje såg.

«Hmmm, Nemesis tar visst tørt i dag»

Den neste delen må skildrast litt annleis. Først og fremst: Eg har ei stemme som på ein god dag bærer to meter i friluft. Eg og Erlend vart einige om at han skulle scoute på Nemesis frå baksida i skjul, medan eg skulle ”rope” når første flytet kom farande nedover, og han skulle rope om noko skjedde. I staden vart situasjonen slik:

Idar frå oppsida av steinen: ”Her kjem første flyt!” ( Det Erlend høyrer: ”Mfmf! Mumle-mumle!”)

Erlend frå nedsida: ”Hæ?”

På oppsida har eg her sendt ein størrelse 14 Griffiths gnat nedover med eit kast på to meter, mens eg mendar og matar ut line nedstrøms.

På nedsida trur Erlend naturlegvis at ingen kast er på veg, sidan han ikkje har høyrt noko. ”Hmmm, Nemesis tar visst tørt i dag”, tenker han i det den heimekjære prikkefanten plutselig stig oppover – noko ingen av oss har sett nokosinne.

På oppsida har nettopp ein mørk rygg rulla over myggen i eit rivande plask. Så kjem hylet på oppsida av steinen… Resten er historie.

Ein tydeleg misfornøgd Nemesis, etter å ha blitt lurt etter tre år. Sorry, kompis! Eller, eigentleg ikkje…

Nemesis viste seg å vere ein gretten herremann på om lag 950 gram. Han kjempa hardt, og hadde lite lyst i håven som han til slutt hamna i. Etter å ha sett han i auga, fekk han gå – og som eit perfekt punktum svømte han rett tilbake under steinen og forsvann.

Eg har ikkje sett han sidan, men det forundrar meg ikkje om han no har funne heim. Truleg ein meter lenger inn under steinen, klok av skade.

– Challenge accepted!