Brunauresesongen er i gang

På laurdag kom sola fram og tinte den frosne marka. Eg gjekk elvelangs på leit etter auren og fann han.

Eg er han som går med vadebukser gjennom Bergen sentrum ein laurdags formiddag, for så å sitte på bussen i vadebukser. Då har eg rett nok dratt dei ned til anklane, sånn at beina får puste under den timelange bussturen. (Ja, eg har bukse under.) Slik er livet til ein kollektivtransportsfiskar.

Då eg kom fram til bekken, låg han framleis i skuggen. Frosten hang over dalen, og det knaste der eg gjekk. Her kan neppe vere liv, tenkte eg. Halvannan time med bekke- og urskogstrasking seinare, begynte sola å kike fram gjennom trea. Eg sneik meg fram til ein kulp mellom to falne grantre. Det var ikkje plass til å svinge stonga. Eg tok nymfa i handa og kasta det eg var kar for. Eg let ho synke med straumen, og fekk respons! Lite slår kjensla av å sjå snurten av brunauren etter vinteren! Men snurten var det eg såg. Han datt av, og kulpen var daud.

Eg traska vidare, og kom til ein fin nymfekulp. Er det ikkje fisk her, kan eg berre gå heim, tenkte eg.

Eg heiv på ein squirmy wormy og let han drive med straumen. Fortaumen er to stonglengder tynn fluorokarbon med ein nappindikator ca. midtvegs. Nappindikatoren er sen med sterk orange/gul farge, ein såkalla ”sighter”. Denne viser deg kor og korleis nymfa driv med straumen. Stoppar han, kan du sette tilslag.

Før eg fekk tid til å finne indikatoren med auga, kjende eg at eg hadde fisk på. Ein liten aure kom opp, og var årets første i handa. Herleg!

Eg bytta til ein tungsten surveyor i storleik 16, eit utmerka val. På kort tid følgde rundt fem brunaure til av same storleik. Eg mista den ”største”, som kanskje var 200 gram, altså over dobbelt så stor som resten. Og med det var det slutt.

Ikkje store karane, men kjekt med liv i bekken! Verre med bussturen heim.

Tungsten surveyor storleik 16 og 14