Bindebeskriving: Foam-stankelbein

Stankelbein kan trigge fisk som aldri hadde tenkt å vake. Bind deg eit på ti minutt! Du treng:

  • klekkarkrok – Her brukar vi mothaukelause Akita AK 549 frå taimen.com i størrelse 16. Denne er tynngodsa og veg nesten ingenting. (Problemet med kjøpestankelbein er ofte at kroken er for tjukk og tung.)
  • bindetråd i passande farge
  • foamsylinder – Denne er 2,2 millimeter, også frå taimen.com.
  • viss foamen din er kvit: brunlig tusj
  • cdc (eller éin eller annan dubbing)
  • fasanhale (eller gummi)

1. Start med å feste tråden og foamsylinderen bakarst på kroken (OBS! Sjå steg 9 først!). Ikkje klupp foamen som stikk fram! Du kan lage stankelbein i ulike lengder. Sjølv held eg dei nokså korte, ettersom lange stankelbein får ein tendens til å tvinne fortaumen.

2. Dra av seks fasanhalefiber.

3. Slå ein knute på kvart av dei. Om stankelbeinet ikkje er så langt, bør knuten vere ganske langt ute på fibra. Mange har begynt å knyte bein av gummi. Det er nok enklare, men fasanhalebein ser forbaska bra ut! Om du held deg til éin knute, går det kjapt. Du kan eventuelt nøye deg med fire fiber.

4. Fest stankelbeinbeina like framfor foamen. Klupp av det som stikk fram.

5. Brett beina framover mot krokauget (gi dei ein knekk framover), og flytt tråden bak, mellom foamen og beina.

6. Splitt tråden og plasser CDC til dubbing. Alternativt kan du bruke favorittdubbingen din. Vil du køyre heilt minimalistisk, kan du droppe dette steget.

7. Dubb eit par tørnar bak beina. Brett dei bakover igjen, og dubb deg over og fram. Hald god avstand til krokauget!

8. Brett ned foam-sylinderen, og fest han framme. Klupp av det overskytande. (Dra godt i han mens du kluppar. Då sprett han fint tilbake.) Her kan du binde inn to små hackle-fjør som venger. Det gidd eg berre nokre gonger. Denne gongen var ikkje éin av dei.

9. Hald fluga med fingrane (ikkje som her)! Ver forsiktig borti enden av foamen med ein lighter. Mens han ennå er varm og halvsmelta, rullar du tuppen mellom fingrane. Då blir han fin og avrunda. Om du ikkje har gjort dette før, kan du med fordel gjere dette før du i det heile tatt festar foamen i steg 1.

10. Om foamen din er kvit, finn fram tusjen.

Og der var han ferdig! Eg har begynt eit nytt regime der eg duppar alle flugene mine i Dry Dip Magic allereie ved bindestikka. (Også foam, det søkk jo det òg.) Vi får sjå til sommaren om flugene flyt betre.